PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Søk tilskot mot barnefattigdom:

Kven kan søkje:
Frivillige organisasjonar, offentlege instansar og private aktørar.

Formål:               
Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha lave eller ingen kostnader.

Det er eit mål at tiltaka i tillegg til å oppfylle formålet også bidreg til eit meir inkluderande fritidsmiljø.
Målgruppe:
Born og ungdom berørt av fattigdomsproblem. Saman med dei berørte inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur-, fritids-, og ferieaktiviteter.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som:
a)      Bidreg til at born og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar.

b)      Bidreg til at born og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar.

c)       Bidreg til deltaking for born og ungdom berørt av fattigdomsproblem på alternative mestringsarenaer.

Søknadsfrist:
Fredag 2.desember 2016

 Korleis kan du søkje:

Trykk her får å gå til nettsida til Bufdir

Her finn du meir informasjon om tilskotsordninga, regelverk, veiledar og lenke til søknadsskjema. 

Treng du hjelp?
Ta kontakt med Frivilligsentralen v/dagleg leiar Nina Randal.

Tlf. 56 17 10 66

e-post: frivilligsentralen@meland.kommune.no

Møte mellom unge mennesker!

Er DU ein engasjert ungdom som har lyst å bidra til at unge flyktningar som blir busett i Meland skal få det bra her i kommunen og samstundes lære meir om andre kulturar, få nye vener og gjera kjekke ting i lag?

Frivilligsentralen søkjer ungdommar som ønskjer å gjera noko konkret saman med unge flyktningar som blir busett i Meland kommune.

Med oss har vi ein fin gjeng på Nordhordland folkehøgskule som gjennom valfaget RE:ACT inviterer til aktivitetar og har lokale - Kvar mandag møtes ungdommar på Nordhordland folkehøgskule og gjer kjekke ting i lag - pratar, lagar mat, spelar fotball (dei som vil), spelar spel, ser film, juleverkstad og mykje meir.

Har DU lyst å vera med? Ta kontakt med Frivilligsentralen:

e-post: frivilligsentralen@meland.kommune.no
Telefon: 56 17 10 66

Har du lyst å vera frivillig?

Vi har mange kjekke aktivitetar som treng fleire frivillige:

Besøksven 
Flyktningefadder
Språkkafe
Møte mellom unge mennesker


Er det noko du har lyst å starte opp.......
Lurer du på om det fins aktivitetar i Meland som du har lyst å delta i........

Eller lurer du på noko anna.....

Send inn skjemaet under så tek frivilligsentralen kontakt med deg med meir informasjon om dei ulike aktivitetane.

Ganglaje

Ganglaje har teke pause for vinteren.

Turane startar opp igjen i mars 2017. For program trykk her.