PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitets og inspirasjonsdag for seniorar i Meland - Ope Rådhus på Frekhaug laurdag 29.september kl. 12.30 - 16.00

Er du 60 +? Då er du velkomen til Aktivitets og inspirasjonsdag for seniorar i Meland.

Program:
Opning ved elevar frå Kulturskulen i Meland
Føredrag med Tryggve Fett: Bymann og stril!
Lær å lage ein syrisk smårett!
Lær nyttige app'ar på telefon!
Melandstrøya - sjå utkast og kom med innspel!
Kva aktivitetar for seniorar fins det i Meland?
Ordførar har ope kontor!

Meland Helselag har Kafe i kantina!

Meir detaljert program finn du HER!

 

Ganglaje

Programmet for haust 2018 ligg i resepsjonen på Meland Rådhus.

Du finn det også HER (klikk på ordet HER).

Nattevandring på Frekhaug

Kvar fredag kveld er det nattevandrarar ute og går i Frekhaug området. Vi treng fleire trygge vaksne som kan vera med. Les meir HER

Idrettstipend

Nytt av 2018 er at kommunen har etablert eit idrettstipend. Dette skal gå til personar innan idretten i Meland, eller med bakgrunn og tilknytning til denne. Stipendet vert delt ut etter søknad, med tildelingssum opp til kr. 30 000.

Ein kan søkje til mellom anna eigenutvikling, kompetanseauking, kostnader ved reise og utstyr, eller utvikling av aktivitetar.

Sjå link til kommuneside for meir informasjon.

http://www.meland.kommune.no/idrettsstipend-for-meland-kommune-frist-1-3.6082930-298720.html

Inkluderingskontaktar i Meland

I Meland har mange organisasjonar ein eller fleire inkluderingskontaktar.

Ein inkluderingskontakt er din kontakt inn i frivillige organisasjonar i Meland - har du eller barnet ditt nedsett funksjonsevne, er du innflyttar eller treng du å bli introdusert og vist rundt fordi alt er nytt og ukjent - ta kontakt med inkluderingskontakten.

 

For meir informasjon, gå inn på "Inkluderingskontaktar i Meland" i menyen til venstre. 

 

Har du lyst å vera frivillig?

Vi har mange kjekke aktivitetar som treng fleire frivillige:

Leksehjelp på lekseverkstad
Besøksven 
Flyktningefadder
Språkkafe
Nattevandring


Er det noko du har lyst å starte opp.......
Lurer du på om det fins aktivitetar i Meland som du har lyst å delta i........

Eller lurer du på noko anna.....

Send inn skjemaet under så tek frivilligsentralen kontakt med deg med meir informasjon om dei ulike aktivitetane.