PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Møte mellom unge mennesker!

Er DU ein engasjert ungdom som har lyst å bidra til at unge flyktningar som blir busett i Meland skal få det bra her i kommunen og samstundes lære meir om andre kulturar, få nye vener og gjera kjekke ting i lag?

Frivilligsentralen søkjer ungdommar som ønskjer å gjera noko konkret saman med unge flyktningar som blir busett i Meland kommune.

Med oss har vi ein fin gjeng på Nordhordland folkehøgskule som gjennom valfaget RE:ACT inviterer til aktivitetar og har lokale - Kvar mandag møtes ungdommar på Nordhordland folkehøgskule og gjer kjekke ting i lag - pratar, lagar mat, spelar fotball (dei som vil), spelar spel, ser film, juleverkstad og mykje meir.

Har DU lyst å vera med? Ta kontakt med Frivilligsentralen:

e-post: frivilligsentralen@meland.kommune.no
Telefon: 56 17 10 66

Har du lyst å vera frivillig?

Vi har mange kjekke aktivitetar som treng fleire frivillige:

Besøksven 
Flyktningefadder
Språkkafe
Møte mellom unge mennesker


Er det noko du har lyst å starte opp.......
Lurer du på om det fins aktivitetar i Meland som du har lyst å delta i........

Eller lurer du på noko anna.....

Send inn skjemaet under så tek frivilligsentralen kontakt med deg med meir informasjon om dei ulike aktivitetane.

Ganglaje

Ganglaje har teke pause for vinteren.

Turane startar opp igjen i mars 2017. For program trykk her.