PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitet for deg som treng litt ekstra tilpasning

Bånn gass

Tirsdag 20.00-21.30 i Meland Aktiv

Trening for utviklingshemma med fokus på mestring, samhold og fysisk aktivitet . Variert trening der alle skal mestre, utvikle seg og ikkje minst; ha det gøy! 

Meland Motorsportklubb

Trening onsdagar og lørdagar på motorcrossbane, 2 km nord for Rossland. Ungar som skal trene må ha med seg ein vaksen. Rekruttering og inkludering av barn og ungdom med ulike diagnosar, ungdom som fell utafor anna organisert idrett og barn med innvandrarbakgrunn. Meland Motorsportklubb vil gje barn og ungdom ein mulighet til å drive ein spennande og utfordrande sport i eit trygt miljø. Eit aktivitetstilbod der toleranse og inkludering er sett i fokus.

Kontakt:  Morten Austegard: 915 95 673

Nordhordland padleklubb - Padling for friskusar

Padling for utviklingshemma onsdagar frå kl.17.00 med oppmøte ved klubben sitt naust på Flatøy.  Vinterhalvåret arrangerar padleklubben padlekurs for nykommarar i Radøyhallen. Dei som treng bistand må ha med seg følgje. 

Kontakt: Audun Håland: 970 33 23, Kristin Sommerschild: 902 96 805

Alle som treng ekstra tilrettelegging for å kunna driva ein aktivitet er velkommen.