PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Turgruppa "Ganglaje"

Turprogram våren 2017

Klikk på denne linken for å komma til turane våren 2017.

_MG_3291.jpg

Kven er vi?

Hausten 2014 tok Revmatikarlaget initiativ til å samla fleire frivillige lag seg for å starte opp ei gågruppe som passar menneskjer med ulike funksjonsnivå. I vår 2015 har det vore turar frå mars og ut juni, og mellom 30 – 50 personar har vore med kvar gong. 

Kor blir eg med?

Vi møtast kvar onsdag  på parkeringplassen bak Max Fitness ("gamle Rema 1000") på Frekhaug. Her fordeler vi oss i bilar og kjører til turplassen. Ta med 20,- til bensinpengar om du ikkje kjøyrer sjølv. Dei fleste turane ta omlag 2-3 timar. Turane går på sti og skogsveg med lokale turleiarar og passar for dei fleste.
Velkommen!

Gradering av turane

Vi har gradert turane med *

*       - lett
**     - middels
***   - krev litt meir
**** - krevjande 

Ting å hugse på

Turen skjer på eige ansvar.
Du må sjølv vurdere om du er stand til å gjennomføra turen.
Det er ingen skam å snu! 
Vær vennleg - ikkje ta med hund.

Ta med 20,- til evnetuell bilskyss. 

Kos deg på turen!

Myrtveit - Brakstadfjellet - Myrtveit

Sommaravsluttninga var 24 juni. Det var ein fin tur frå Myrtveit til Brakstadfjellet med Sigurd Knutsen som turleiar. Ved turens slutt var det nydelig rømmegraut til alle i løa til Sølvi og Sigurd med omlag 40 personar - ei stemningsfull avsluttning! 
God sommar!