PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli frivillig

Kven kan jobbe som frivillig?

Du som vil bruke di fritid til å hjelpe andre.
Du som har blitt pensjonist og synes dagane blir litt lange.
Du som er ung og vil auke din livserfaring gjennom kontakt med andre menneske.
Du som er arbeidssøkjar og ønskjer å gjera noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkjingstid.
Du som ønskjer å vera medmenneske.

Kva blir forventa av deg?

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ønskjer å bidra med bestemmer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – synes du dette er givande, fortsetter du
Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale.

Eksempel på oppgaver kan vera:

Telefonkontakt, turven, besøksven, butikkven, kinoven.
Halde kurs, starte ei sjølvhjelpsgruppe.
Rådgivningsteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan vera nyttig for andre?
Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt, flyktningefadder og mykje, mykje meir.

Ønskjer du å starte noko nytt?

Går du med ein tanke om å starte noko nytt eller du ser eit behov? Vi hjelper deg igong. Er det noko som allerede eksisterer viderformidler vi dette.

Attest

Vi gir deg gjerne ein attest hvis du har jobba som frivillig. Det blir meir og meir viktig å syna til erfaring med frivillig arbeid i møte med arbeidslivet - vi hjelp deg få det klart for å legga til på C.V.en