Inkludering
Inkluderingskontakt
I Meland har mange organisasjonar ein eller fleire inkluderingskontaktar.
Ein inkluderingskontakt er din kontakt inn i frivillige organisasjonar i Meland - har du eller barnet ditt nedsett funksjonsevne, er du innflyttar eller treng du å bli introdusert og vist rundt fordi alt er nytt og ukjent - ta kontakt med inkluderingskontakten.
Inkluderingskontakten vil:
* Kontaktperson: svara på henvendelsar frå deg som ønskjer informasjon om aktiviteten.
* Møta og visa rundt: Ta i mot, vise fasilitetar og introdusere deg til i klubben og vise deg rundt første gong du kjem.
* Introdusera: Sørgje for kontakt mellom deg og den rette personen/trenaren i organisasjonen – og gjerne til andre slik at du kjenner nokon.
Oversikt over organisasjonar, inkluderingskontaktar og kontaktinformasjon finn du ved å trykke på denne linken: Inkluderingskontaktar