PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Flyktningefadder

Flyktningefadder

Vær med å ta imot våre nye naboar på en god og skikkeleg måte!
Det å flytta på seg og komma til ein heilt ny plass er ei utfordring. Om du i tillegg er vakse opp i ein anna kultur med eit anna språk kan det være ekstra utfordrande å finna ut av ein ny heimstad, knytte nye kontaktar og finne nye vener.
Då er det godt å ha ein fadder som kan hjelpa til med å finna seg til rette i det nye lokalsamfunnet. Frivilligsentralen jobbar no med å laga eit opplegg som er tydeleg på hva du skal gjere som fadder slik at aktivtetar og tidsbruk er klart for begge partar

Då er det godt å ha ein fadder som kan hjelpa til med å finna seg til rette i det nye lokalsamfunnet. Frivilligsentralen jobbar no med å laga eit opplegg som er tydeleg på hva du skal gjere som fadder slik at aktivtetar og tidsbruk er klart for begge partar.

Kontakt oss for meir informasjon:

Eg vil gjene bil flyktningefadder eller vite meir om kva det innebær:
frivilligsentralen@meland.kommune.no
Tlf: 56171066

Kva skal ein fadder gjera?

Vise Frekhaug sentrum (post, bibliotek, kommunehuset, legesenter mm – fortel korleis det virkar), samt friområder som Badevika og Haltejohansvika. Kart utleverast. Gåtur ca 1-2 timer.
Hjelp i heimen til å komma seg på plass:
Til dømes kan detta væra: merking av postkasse og levering av flyttemelding, ta turen til bank i knarvik for å opprette konto , gå saman til hvor tannlegen er og bestill første time, hjelp til oppkobling av T.V. og kanaler, bestilling og tilkobling til internett , hjelp til saman å montere småmøbler, forklar kildesortering , forklaring av hvordan man finner ut av busstider m.m.
Friområde i nærleiken av bustad – vise på kart og fortelje om turmoglegheiter, ballbaner, idrettsanlegg m.m. og gå ein tur i nærområdet. Fortelje litt om friluftstradisjonen og andre tradisjonar i Norge. Ca 1-2 timer. Fortelje litt om kvar ein kan gå for å delta i aktivitetar, og kva aktivitetar som fins i Meland. T.d. syngje i kor, spele fotball, spele i korps og så vidare.
Invitere vedkommande heim til deg og forklare litt om korleis vi lever – korleis ser ei veke/ein dag ut for deg og din familie. Gjerne fleire familiemedlemmar og-/eller naboar/vener om det høver seg og flyktningen er klar over det. Kaffe/te/mat – avtal dette på førehand. Frå 1 time
Å møtast heime hos flyktningen/flyktningane: Kaffe/te. Frå 1 time

Om ein føljer denne planen er det 5 møter, med omlag 8 timar. Dette er veiledande tidsrammer som er fint for både deg og flyktningen å vita om.

Den frivillige må:

•gjennomføre intervju og obligatorisk opplæring (intervju hos Frivilligsentralen(30 min), informasjonsmøte med flyktningetjenesten lokalt (1 time)

•underteikne og overhalde etikk- og taushetserklæring

•ha fylt 18 år

•snakka godt norsk

•kjenna nærmiljøet