PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nordhordland Husflidlag

Kven er vi og kva gjer vi?

Nordhordland Husflidslag organiserer husflidsinteresserte i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy og elles alle andre som ynskjer å vere med i lokallaget vårt. Laget, som er eit av dei største i Hordaland,hadde ved årsskiftet 169 medlemer. Laget skipar også til ei årleg husflidsmesse i Knarvik.

Kurs

Laget driv utbreidd kursverksemd i tradisjonelle handverk. Kursa har ulik lengde, frå 12 til 60 timar og vert halde rundt om i laget sitt distrikt. Kurs me har hatt siste åra: Veving, bunadssying, brodering, toving, tauknyting, plantefarging, grindbygging, steinmuring, sying av og trykking på skinnfell, pilfletting, rosemåling, lefse- og flatbrødbaking, salting og krydring av sild og pølselaging. Medlemmer får 10% avslag på kursavgifta. Kursa vert annonserte i medlemsbladet Primstaven,på plakatar i distriktet, i lokalpressa og på www.husflid.no

Medlemsblad

Laget har eit eige medlemsblad, Primstaven, som kjem ut 5 gongar om året. Her vert aktivitetar og nyhende publisert og møter og kurs annonserte.

Bunadsnemnda

Laget har ei eiga nemnd som arbeider med å samle, registrere og dokumentere materiale om bunader og bunadsbruk i området vårt. Bunadsnemnda har og arbeidd med å skaffe ei komplett brudedrakt og krune til laget. me er glade for å kunne tilby denne flotte drakta til leige. Kontakt Husflidstova for nærmare informasjon og avtale.

Broderinemnda

arbeider med å samle inn, registrere og arkivere gamle broderimønster og å gjere dei tilgjengelege for alle. E-post: broderinemnda@gmail.com

P/L Husflidstova

P/L Husflidstova på Ikenberget i Alversund er butikken til Nordhordland Husflidslag. Her syr me bunader frå Nordhordland, Masfjorden, Indre Nordhordland og Sogn. Me tek og reparasjonar på bunader. Me har stort utval i mønster til bringedukar, belte, selar og skjortekantar. Me fører og anna utstyr til bunaden, som tova hatt, linhue, sokkeband, paraply, bunadsskrin, vevde band og silkesjal. Tradisjon og kvalitet vert vektlagt. Husflidstova har eiga internettside: www.husflidstova.no Her finn du opningstider og meir om kva dei kan gjere for deg.

E-postadr: post@husflidstova.no
Telefon: 56360744
Besøksadresse: Blombakken 1, Ikenberget, Alversund


Kontakt

Nordhordland Husflidslag

c/o Arild Hagenes

Postboks 42

5936 MANGER

Telefon:56371122 / 99034535 E-post:nordhordland.husflidslag@outlook.com