PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Huskirken Nordhordland

Kven er vi og kva gjer vi?

Ei huskyrkje snur opp ned på mange tankar om det å tru og leva ut si tru. Huset vårt, eller heimane, er kyrkja. Bygningar eller kyrkjehus er ikke avgjerande for menighet og fellesskap. Men vi er "levande steinar... som får oppfordringa "Bli oppbygde til eit åndeleg hus..."  (Peters 1.brev 2:5)
Å byggja menneske og fellesskap vil difor vera heilt avgjerande i huskyrkja vår.

I namnet ligg også at det er små einingar. Men storleiken varierar, frå nokre få menneske til 20-30 (inkludert barn) som samlast til fellesskap. Der har ein det sosialt med mat, prat og glede. Der ber ein saman, der deler ein Gud ord, der hjelper ein kvarandre i kvardagen og i det kristne livet. På mange måtar blir det som å leva i storfamilien - der mange generasjonar står saman.
 
Og ut frå dette fellesskapet ønskjer ein nå menneske med den glade bodskapen om ein Gud som elskar alle menneske - både i lokalmiljøet og ut i heile verda. Huskyrkja - eller husmenigheten, er ikkje arena for dei  åndeleg "profesjonelle". Dei som leier gjer det etter kall og utrustning - leiinga er relativt flat i sin struktur. Det er bruk for alle i ein husmenighet. Menneske blir sett og får brukt sine talent og gåver - ofte på nye og engasjerande måtar!
 
Ein styrke er også evna til tilpassing. Huskyrkja kan vera prega av barnefamiliar, unge - eller godt vaksne. Husmenigheten passar godt både i by og i meire grisgrendte strøk - ein treng ikkje mange for å ha ein fullverdig lokal menighet.
 
Husmenigheter lever gjerne i nettverk der ein får tilført ressursar, støtte og tilsyn. Og fleire husmenigheter kjem saman til storsamlingar der ein får kjenna at det er mange som deler visjon, glede og fellesskap.
 
Huskyrkja er enkelt organisert. Og lite kostnader til løn, husleige etc gjer at størstedelen av inntektene kan brukast  til arbeid utanfor menigheten.
 
Husmenigheten er ein fullverdig menighet også med tanke på dåp og nattverd, konfirmasjon, bryllup og gravferd.

Kontakt

I Huskirken Nordhordland opplever vi at det fantastiske å leva i dagleg relasjon til Gud. Han er ein far som alltid elskar. Ut frå denne kjærleike får vi leva nær menneske - vi  blir elska og får lov til å elska. Kanskje er stikkord som fellesskap, nærhet, søkende, nysgjerrig og vennskap noko av det du søkjer? Og kanskje er dette muligheten du ser etter?

Velkomen til å finna ut meir - du må gjerne ta 
kontakt!
Heimeside: www.huskirken.no
Facebokkside: Huskirken