PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Rossland Indremisjon Bedehus

Kven er vi og kva gjer vi?

Nordhordland Indremisjon byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenning. På dette grunnlaget driv krinsen alt arbeidet sitt, og kallar og sender ut arbeidarane sine. Nordhordland Indremisjon har til føremål å fremja Guds rike, vekkja og nøra sant kristeleg liv i krinsen, og halda oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid. For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.

Nordhordland Indremisjon vil arbeida saman med Indremisjonsforbundet sentralt og dei innmelde krinsar og einingar for å styrkja indremisjonen sitt kallsoppdrag.

Nordhordland Indremisjon vil og verkeleggjera det ideele føremålet gjennom eigne sjølvstendige einingar dersom krinsen finn det tenleg. All slik verksemd skal byggjast på ikkje-kommersiell (non-profit) basis og mellom anna omfatta barnehage- og skuleverksemd m.m.

Kontakt

Leiar Asgeir Skurtveit, E-post: kath-sku@online.no, Tlf: 56176275


Rossland-bedehus-300x245.jpg