PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Besøksven og flyktningefadder

 «Den beste medisin for eit menneskje er eit anna menneskje»
 

Flyktningefadder

På bakgrunn av det vi ser i nyheitsbildet rundt …har mange ønska å engasjere seg personleg for å kunne hjelpe personar på flukt og har eit ynskje om å møta nye menneskje på ein imøtekommande, verdig og personleg måte.  Det er ei teneste der fadderen hjelper personar eller familiar som skal busettast i Meland kommune med å komma best mogleg på plass, og med å væra ein kontakt inn i lokalsamfunnet.

Flykningefadder – kva er det?
Det er  eit  kortvarig engasjement – ca. 2-3 mnd. der ein skal introdusera flyktningen for Meland og dagleglivet her.
Flyktningefadderen må i forkant av oppdraget vera bevist på kor mykje tid dei har, og når dei har tid. Erfaringa så langt er at det er lurt å ha god tid  i starten.

Frivilligsentralen inviterer til ulike fag/sosiale samlingar for å gje faddrane best mogleg tryggheit i den jobben dei gjer. Her er det plass til å diskutere ulike tema som faddrane ønskjer, og å få litt påfyll av tankar og idear.

Kven kan bli flyktningefadder?
Du må vera over 18 år - dame eller mann.
Ønskjer du å involvera familien kan du det.
Vi treng fleire MENN.

 

 

 

Besøkstjenesten - kven er vi?

Nordhordland Røde kors, Kyrkja i Meland og Meland Frivilligsentral har starta opp med besøksteneste i Meland. Vi er for tida ei gruppe på omlag 18 personar som består av kvinner og menn i alle aldre med ein fellesnemnar: vi ønskjer å bety noko for andre. Vi bryr oss.

Kva gjer vi?

Arbeidet som besøksven er veldig ulikt frå person til person alt etter hva du ønskjer å jobba med og kor mykje tid du ønskjer å bruka. Nokon av oss er pensjonistar med god tid på dagtid, mens andre er i full jobb og har oppdrag på kveldstid/i helger. Det viktige er at det er du som tilpassar mengden aktivitet til ditt liv! Vi samlast og har ulike sosiale tilstelningar, forlesningar, middagar og turer og anna. 

Vil du bli besøksven eller vita meir om oss ta kontakt: Besøkstjenesten

Vil du ha ein besøksvenn?

Ønskjer du eller ein du kjenner kontakt med ein person som kan vera med på å skapa ein meir aktiv og sosial kvardag? Ein som kan væra med deg på ein aktivitet, ein å  prata med, gå turar saman med eller som kan lese høgt for deg? Vi er her for alle - eldre og unge - som ynskjer ein meir sosial og aktiv kvardag. 

Vil ha ein besøksven eller ønskjer du meir infromasjon: Besøkstjenesten