PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Søke støtte i Meland Kommune

Trivselskomiteen - støtte til trivselstiltak for eldre og mennesker med nedsett funksjonsevne

Lag, organisasjonar og andre frivillige tiltak kan søkje Trivselskomiteen om støtte til tiltak som aukar trivselen for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Søknaden sendast:

Trivselskomiteen v/Olaug Tveit
Melandsvegen 68
5918 Frekhaug

e-post:
olautvei@online.no

Hjelp til søknadsskriving

Vi veit at det ikkje alltid er lett å gå igang med å utforma ein søknad, men du kan få hjelp til dette hos oss. Vi har erfaring med å søkje ulike ordningar og veit kva dei krev av dokumentasjon, informasjon m.m. Ring oss på 56171066 eller send e-post til frivilligsentralen@meland.kommune.no

Meland kommune/Rambergmidlar

Søk kommunen sine Rambergmidlar for alle prosket som aukar tilgang for alle til den aktiviteten du driv. Maks 20 000,- per tiltak, men ein kan søkja om fleire tiltak i same søknad.
Kriterier og Søknadskjema Meland kommune/Rambergmidler

Ålmenne kulturmidlar med frist 1. mars

Tilskot til leikeplassar: Leikeplassar inntil 50% av totalkostnad medrekna dugnad, maks kr 20 000. Tilskotet skal gå til utstyr, opparbeiding m.m.

  1. Tilskot til forsamlingshus:  Strukturelle tiltak i forsamlingshus
  2. Tilskot til song og musikk:  kan søkast av lag innafor song og musikk
  3. Tilskot til barne og ungdomsarbeid: kan søkast av lag innafor barne og ungdomsarbeid
  4. Tilskot til andre lag: Lag og tiltak som ikkje passar inn under dei andre kategoriane
  5. Idrettstildeling - ta kontakt med Meland Idrettsråd

Legg ved kostnadsoverslag, kort skildring av behov og enkel finansieringsplan

Ålmenne kulturmidlar med frist 1. mars

Tilskot til kulturminnevern med frist 1. mars

 

Vøling, tilbakeføring, restaurering av verneverdige strukturar av historisk interesse. Legg ved kostnadsoverslag, kort skildring av behov og enkel finansieringsplan. Kan søkast av enkeltpersoner (bruk då eige namn i staden for foreining – for tips om utfylling sjå Meland kommune si nettsideher

Tilskot til kulturminnevern med frist 1. mars

Mindre tilskot heile året

Stønad til dekking av underskot for kulturarrangement e.l. der frivillige lag og organisasjonar er tilskipar. Maks sum 5000,-

  1. Leiaropplæring til kursutgifter for inn til maks ti personar i året
  2. Stipend til ungdom som syner gode prestasjonar innafor kulturområdet og som vil utvikle seg vidare
  3. Deltaking på konkurranse - NM og høgare
  4. Andre tilfeldige søknader til tiltak innafor kulturomådet

Når du søkjer på desse vel du kategorien "tilfelige tilskot heile året" i søknadsskjemaet.

Mindre tilskot heile året