PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fløksand Grendalag

Kven er vi?


 Frå den årlege kaifesten (2014)


Fløksand Grendalag er ope for alle som bur eller har hytte eller anna tilknyttnig til Fløksand. Vi arrangerer ulike typer tilskipningar som til dømes kaifest kvart år (rundt 1 august), haustfestar, familiemiddagar, St. Hans feiring på badeholmen for heile familien, quizkveldar, juleverkstad m.m. Vi har årlige dugnader som bossrydding langs veg og strand, rydding av tre på fellesarreal, badestrand, vedlikehold av leikeplass, benkar og ballbane o.l.
Vi har og laga boka "Fløksand forteller" med gamle og nye bilde, historier og informasjon om bygda vår.
 

Organisering av laget

Vi har eit styre som blir valgt av generalforsamlinga på årsmøtet. For tida er det 7 medlemmar i styret. Vi har og ein "arbeidsgjeng" som har meldt seg som hjelper til med organisering og gjennomføring av arrangement. Styret har møter omlag 6 gonger i året, inkludert årsmøtet. Årsmøtet er ope for alle medlemmar.

Kontakt og meir informasjon

Adresse: Fløksand Grendalag, c/o Rosslandsvegen 1186, 5918 Frekhaug. post@floksand.no
www.fløksand.no og for generell informasjon om Fløksand kan de gå på facebooksida Fløksand.