PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Turgruppa "Ganglaje"

Klikk på denne linken for å komma til turane våren 2019.

_MG_3291.jpg

Kven er vi?

Ganglaje er ei turgruppe som blei etablert av Revmatikarlaget, Helselaget og Frivilligsentralen i Meland.
Dei går turar kvar onsdag og har med seg turleiar.
Turane har ulik vanskelighetsgrad og går stort sett i Meland kommune. Enkelte turar går i nabokommunane.

Alle som vil kan vera med på turane til Ganglaje.

Kor blir eg med?

Vi møtast kvar onsdag  kl. 10.30 på parkeringplassen bak Max Fitness  på Frekhaug. Her fordeler vi oss i bilar og kjører til turplassen. Ta med 20,- til bensinpengar om du ikkje kjøyrer sjølv. Dei fleste turane tar omlag 2-3 timar. Turane går på sti og skogsveg med lokale turleiarar og passar for dei fleste.
Velkommen!

Gradering av turane

Vi har gradert turane med *

*       - lett
**     - middels
***   -  krevjande (lengde eller høgdemeter)

Ting å hugse på

Turen skjer på eige ansvar.
Du må sjølv vurdere om du er stand til å gjennomføra turen.
Det er ingen skam å snu! 
Vær vennleg - ikkje ta med hund.

Ta med 20,- til evnetuell bilskyss. 

Kos deg på turen!

Myrtveit - Brakstadfjellet - Myrtveit

Sommaravsluttninga var 24 juni. Det var ein fin tur frå Myrtveit til Brakstadfjellet med Sigurd Knutsen som turleiar. Ved turens slutt var det nydelig rømmegraut til alle i løa til Sølvi og Sigurd med omlag 40 personar - ei stemningsfull avsluttning! 
God sommar!